Kunst, Kultur og Kreativitet

Kunst er livets tre. - William Blake

 

Vi ønsker at barna skal få oppleva kunst og kultur, og sjølv få høve til å uttrykkje seg estetisk.

Sjølve rommet skal vera ein inspirasjon både med innreiing, skiftande kunst på veggane og materiell som er synleggjort på ein freistande måte. Det blir både barnestyrte og vaksenstyrte aktivitetar. Ein dag jobbar vi med ulike maleteknikkar, ein annan dag vel barnet sjølv kva materiell det vil arbeida med. Uansett vil alltid sjølve prosessen vere viktigare enn resultatet.

Vi er stolte over å stilla eit stort atelier i andre etasje til barnas disposisjon. Rommet er ope og lyst, med store vindauga mot leikeplassen og skogen.

Atekieret er inndelt i ulike materialgrupper.

Kva vi finn på atelieret:

  • Teikne/klippe og limekrok
  • Leirekrok
  • Malekrok
  • "Alt-mulig-krok" - arbeid med mjuke materiale som stoff, tråd, ull, vatt, skumgummi, og faste materiale som ulike naturmateriale, tomembalasje og mykje meir
  • Samtalekrok

Kvifor:

Vi ønsker at barnet skal få oppleva kunst og kultur, og dermed få lyst til å sjølve å utrykkja seg estetisk. Gjennom desse erfaringane og samspelet barna imellom, får barna høve til å sansa, oppleva og eksperimentera med ulikt materiell. Dei tek i bruk fantasien sin, kreativ tenkning og skapargleda. Dette er også med å videreutviklar kroppskontrollen, både grov og finmotorikken.

Den vaksne si rolle:

  • Gje rom for både vaksenstyrte og barnestyrte aktivitetar.
  • Lytta og gje positiv respons.
  • Sørge for at barna har tilgang til bøker, bilder og variert materiale og verktøy for skapande verksemd.
  • Lytta og vera oppmerksom på/respektera barnet sin måte å uttrykkja seg på.
  • Inspirera barnet til å gå vidare.