Blåklokka har som mål å formidla det positive synet på menneske med den kristne trua som grunnlag.
La barna oppleva at dei er i eit trygt miljø der dei har høve til å oppleva, leika og undra seg over kvardagen.
Dei vaksne ønskjer å møte barnet med respekt, openheit, bevisstheit og engasjement.
Blåklokka er driven etter utvida kristen formålsparagraf:
Vi vil at den utvida kristne formålsparagrafen skal prega alt vi gjer i barnehagen, i relasjonane mellom dei menneske som er her. Vi formidlar eit bodskap om Guds omsorg og nærleik til oss, som ein tryggleik og sikkerheit gjennom dagleglivet i barnehagen. Vi ynskjer at barna skal få kjennskap til kven Jesus og Gud er, samt kjernepunkta i Bibelen.