Barnehagen ligg i eit område med mykje urørt natur, og gamalt kulturlandskap som blir brukt til beite for sau, kyr og hestar.
Her blir barna betre kjende med naturen og historia til sitt nærmiljø - kva som veks og lever her, og korleis naturen skiftar gjennom årstidene.
Kjennskap til plantar og dyr, landskap, årstider og vær fører gjerne til at dei blir glad glade i naturen og ønsker å ta vare på den.
Barna lærer å ta seg fram i skog og mark, og dette gjev motoriske utfordringar og god trening. Vi går ut i (nesten) all slags vær og ofte lagar vi mat over bålet eller på stormkjøkkenet.