Kven er vi?

Vi kan tilby ein plass der barnet er i fokus.

Eit gjennomtenkt pedagogisk miljø der gleder, samarbeid og gode rutiner gjer kvardagen til eit utviklande fellesskap for små og store.

Blåklokka barnehage er ein privat barnehage eigd av Blåklokka barnehage AS, stifta av Cecilie Dale Hella, Kjersti Uthaug Heskestad og Rigmor Nedreås Sletten. Dette hende i den tradisjonsrike barnehagen som holdt til i Tveit Bedhus sidan 1979. Vi flytta inn i nye, lyse lokale i april 2008. Barnehagen ligg på Holme i Meland kommune.

Her er det fire avdelingar/baser, fellesareal med stort kjøkken, konstruksjonsrom, aktivrom og artelier. Romma er opne og lys med friske detaljar, det fysiske miljøet vert endra etter sesong, særskilde prosjekt, og når barn og personalet treng ein forandring.

Ute er det store sandkassar, klatrestativ, disse, sykkelbane, landsby, kort veg til tur og skogsområder, bondegard og ein stamplass med flott gapahuk, sildrande bekk, og grue.

Blåklokka er driven etter utvida kristen formålsparagraf, som det står meir om under "Visjon og verdier".

 


 

 

BASANE/AVDELINGANE VÅRE
Barnegruppa og personalgruppa vart delt inn i avdeling for småbarn og avdeling for store barn. Kvar avdeling er så delt opp i 2 basar; Myrull og Røsslyng har dei minste, Myggen og Toppen er base for dei største. 

På alle basane legg vi vekt på leik og samvær med andre barn, meistring, læring gjennom leik og sosialt samspill i trygge omgjevnader. Barna skal få oppleva med alle sine sansar, vera undrande og utforskande, nysgjerrige og leikande saman med dei vaksne. Basane gir ulike utfordringar: Motoriske, sanseopplevingar og varierte leike muligheiter.

 

 


 

 

KVARDAGEN I BARNEHAGEN

Klokka 06.45 opnar barnehagen.  Alle kjem inn gjennom sine egne garderobar, og heng frå seg yttertør her. Vidare går barnet inn til eit fellesområde der barna er samla i ei gruppe fram til klokka er 7.30-8.00. Då åpnar vi basane slik at barna kan spre seg på ulike rom. Dette for å halde roen i allroma.

På fellesområdet er det mange ulike aktivitetar å gjera om du er 1 eller 5 år. Vi varierer kva leikar som er tilgjengelig i løpet av året. Kanskje du kan drøyme deg vekk i kosekroken med ei god bok, eller bygge eit stort skip… Hørest ikkje det kjekt ut så ruslar du inn til kjøkkenet, her kan vi prate, teikning eller spel.

Klokka 08.00 startar frukosten. Da nyter alle matpakka si på kjøkkenet eller på avdelinga si. Dei som kjem under frukosten må bli fulgt inn på kjøkkenet eller til avdelinga si, då barn og vaksne er der. Vårt mål er at denne tida på morgonen skal gje rom for aktivitet og utfordring for dei som ønskjer det, og ro for dei som heller ønskjer det.

Barna heldt til i ulike rom med eigne dagsrytmar og aktivitetar utover dagen heilt til klokka er 14.30. Då begynner vi å rydde eit rom om gangen alt etter kor mange barn som er tilstades.

Når de hentar barnet dykkar må de sei i frå til ein av personalet slik at vi får kryssa dei av lista vår.

 


 

 

KJØKKENET, HJARTA AV HUSET
Vi har eit romsleg kjøkken med kjøkkenassistent. Her førebur ho varmrettar 3 gangar for veka, måndag er det grautdag, torsdag serveres ein middagsrett, og fredag er ein suppedag. Tysdag og onsdag er det smøremåltid for kvar base. Kvar ettermiddag er det laga til inviterande fat med frukt, knekkebrød til dei som treng det og yoghurt for dei som har det med seg heimefrå.

Når barna har gebursdag får dei velge mellom fruktsalat og smoothie, som dei nyter tilfruktmåltidet.

Vi er ingen sukkerfri barnehage, men vi vel å bruke variasjonar og sunn fornuft når vi lager menyen. Vi koser oss gjerne med vafler eller boller i ny og ne - Det er ingenting som lukter og smakar betre på ein grå ettermiddag.

På kjøkkenet er det og muligheter til å bake og lage mat som ein del av det pedagogiske opplegget i barnehagen.  Dette tilbodet er flittig brukt av avdelingene. Rundstykker til heile barnehagens suppedag på fredager, mat i månedens farge. Grønnsaker og andre ting som som blir førebudd ein dag, for å bli tatt med på tur neste dag.

 


VÅRT SYN PÅ BARN
Vi veit at barn er full av kompetanse. Dei har sine eigne idear og tankar om korleis verda rundt dei fungerer. Barn lærer av oss, vi lærer av barna og vi lærer saman med barna. Gjennom eit spanande miljø og ulike opplevingar håper me å lokka fram lysta til å leike, og lysta til å utforska og lære.


Den vaksne må då møta det enkelte barn med interesse og nærleik. Vi må kunna setje grenser for barnet si åtferd, då grenser og rammer er ein føresetnad for tryggleik. Tryggleik er igjen grunnlaget for at barna skal føla seg frie til å leike og vera kreative. Gjennom å lytte aktivt, stille spørsmål og ikkje gje ferdige svar, håper vi å bidra til å setje i gang barna sin tankeprosess. Vi gjer barna høve til å gje uttrykk for det dei reflekterer over gjennom leik, kommunikasjon, bevegelse og kunst, meiner vi at barna vil utvikle sin tillit til eigne tankar, idear og løysingar.

Søknad om plass: Ta direkte kontakt med barnehagen eller sjå etter elektroniske søknadsskjema på Alver kommune.no