Atelieret

EIN PLASS DER BARNA LÆRER Å UTTRYKKE SEG ESTETISK.

Der den kreative prosessen er viktigare enn sjølve resultatet.

 

Vi ønsker at barna skal få oppleva kunst og kultur og sjølve få høve til å uttrykkje seg estetisk. Sjølve rommet skal vera ein inspirasjon både med innreiing, skiftande kunst på veggane og materiell som er synleggjort på ein freistande måte. Det blir både barnestyrte og vaksenstyrte aktivitetar. Ein dag jobbar vi med ulike maleteknikkar, ein annan dag vel barnet sjølv kva materiell det vil arbeida med. Uansett vil alltid sjølve prosessen er viktigare enn resultatet.

 

Kva finn vi der:

· Male/teikne/klippe og limekrok,

· Krok til å arbeida med leire

· Krok for arbeid med mjuke materiale som; Stoff, tråd, ull, vatt, skumgummi, piperensarar mm

· Krok der ein kan arbeida med faste materiale som; Ulike naturmateriale, tomembalasje og mykje    meir

· Samtalekrok

 

Kvifor:

Vi ynskjer at barnet skal få oppleva kunst og kultur, og dermed

få lyst til å sjølve å utrykkja seg estetisk. Gjennom desse erfaringane,

og samspelet barna imellom får barna høve til å sansa, oppleva og eksperimentera

med ulikt materiell. Dei tek i bruk fantasien sin, kreativ tenking og skapargleda.

Dette er også med og vidareutviklar kroppskontrollen, både grov og finmotorikken.

 

Den vaksne si rolle:

· Gje rom for både vaksenstyrte og barnestyrte aktivitetar

· Lytta og gje positiv respons

· Sørgja for at barna har tilgang til bøker, bilder og variert materiale og

verktøy for skapande verksemd

· Lytta og vera oppmersom på/respektera barnet sin måte å uttrykkja seg på

· Inspirera barnet til å gå vidar