Natureopplevingar er viktige for oss.
Blåklokka barnehage ønsker å lære barna å ta vare på naturen og å verta glad i den. Barnehagen ligg i eit område med varierande og spennande natur og dyreliv.
Vi har i mange år fått lov til å bruka Odd Stokke sitt stølsområde til stamplass for barnehagen sine turdagar. Her har vi bygd opp gapahuk, samlingsplass med benkar, grue og sjusteinsovn.
Vi er også så heldige at vi får disponere Beate Sæle sitt område der stien opp til Stølen går. Det renn ein liten bekk gjennom området. Her er kome klatretau mellom trea, bru og rasteplass.
Vi er også takksam til Kjell Stople som lar oss bruke området rundt Bakkely. Der kan vi studere villsauene gjennom dei ulike sesongane. Landskapet vi bruker er småkuppert og ganske oversiktleg.
Det skiftar mellom skog/kratt og open mark-/myrområde. Det tek fem til ti minuttar å gå frå barnehagen til Stølen via skogen.
Vi har også laga til ein stamplass med lavo like ved barnehagen. Den er det lettare for dei minste å gå til gjennom skogen, og grei å bruke dei dagane vi ønsker å halde oss nær barnehagen.
Vi går også på tur andre stader i nærområdet. På Hoplandsfjellet, Hjertåsfjellet, Holsberget, Brakstadfjellet, Tveita-nipa, 100-meter-skogen ved Vestbygd skule og til Holmeknappen.